No items found.

GMC fyller 50 – Satser på 50 nye

No items found.
November 3, 2023

Selskapet, som har bygd seg opp gradvis, har vore gjennom både opp- og nedturar. Dei har likevel ein klar tanke om korleis dei skal oppretthalde eventyret som starta i 1973, i 50 år til.

Oppslaget ble publisert i Skipsrevyen fredag 3. november 2023, se saken her.


Skrevet av: Anders Huke

Les utdrag fra artikkelen her:

– Det har gått opp og ned med konjukturssvingingane, med oljenedtur, finanskriser, og ny oljekrise. Men me har og vore med på mange oppturar, fortel administrerande direktør i GMC Group, Thomas A. Vang.


Han har sjølv vore i verksemda i eitt år. Men fortel at han såg på GMC som ei verksemd med stort potensiale, noko som var hovuddrivaren til at han ville dit.

– Det er ei verksemd med mange gode folk som har vore her over lang tid, med eit moglegheitsrom som er godt.

Konsernsjef i GMC, Thomas A. Vang.

Sin første mekaniske verkstad

Det heile starta då Gunnar Magne Christensen senior opna sin første mekaniske verkstad i Stavanger. Med seg hadde han broren Tor Jan, og kameratane Lars Einar Østerbø og Roald Rygh. Etterspurnaden var stor, men kort tid etter kom ei internasjonal shippingkrise og oppdraga forsvann. Dei var nøydd å snu seg mot utbygging av offshore-industrien.


I 1977 flytta dei til nye fasilitetar i Kalhammaren i Stavanger. GMC Shipping og GMC Offshore vart etablert, og GMC kjøpte 40 prosent av DBC Offshore Ltd i Storbritannia.

I 1978 fekk GMC Maritime oljevernkontrakten for den sørlige del av Nordjsøen, ein kontrakt dei hadde i over 30 år.

Lange kontraktar

– Me er i ein fin posisjon no. Me er ute av “dvalen” og har fått til mykje bra. Me har ein rammeavtale med Equinor på åtte år. Me har og ein avtale med vedlikehald og klassing av Forsvaret sine skip dei neste sju åra, fortel Vang og peiker på at det som no er utfordrande er å få tak i kvalifisert arbeidskraft. 


I dag har selskapet om lag 200 tilsette, fordelt på seks selskap. Dei omsett for rundt 600-700 millionar i året.

- Me ventar ein kraftig vekst dei neste åra, og trur me kjem til å nesten dobla antall tilsette.

Teamet i tørrdokken.

50 år til

Grunnleggjaren Gunnar Magne Christensen senior er med. 84 år gammal, men styremedlem og Vang sin næraste leiar. Vang rosar eigarane for å vera både delaktige og koma med innspel, og kritiske synspunkt der det er naudsynt. 

– Det er eit godt samspel.


I dag har dei fingrane inn i maritim skipsserice, dokking, elektro  og automasjon, hvac, basetenester, produkt sal og utleie, marine operasjonar og eigedom.
Sjølv om dei forvaltar store eigedomar, er det industrien dei dyrkar som sin merkevare. Det er ingen tvil om at Vang har tenkt å styra skuta i retning av 50 år til som GMC.

– Me gler oss til dei neste 50, me har heilt klart eit evigvarande perspektiv, som skal leverast til neste generasjon betre enn det var. 


Oppslaget ble publisert i Skipsrevyen fredag 3. november 2023,
se saken her.

Dette kan vi

No items found.

Kontakt oss

Fyll ut kontaktskjemaet eller ta direkte kontakt med en av våre kontaktpersoner for rask oppfølging.

For generelle henvendelser kan du også ringe vårt hovednummer, +47 51 84 80 00, som etter vanlig arbeidstid overføres til vår 24-timers vakttelefon.

No items found.
Vi kontakter deg snart, vanligvis innen 24 timer på virkedager. Hvis det haster, vennligst ring oss på numrene ovenfor i kontaktlisten.
Takk! Din henvendelse er mottatt! Vi tar kontakt med deg så snart som mulig.
Oops! Noe gikk galt. Vennligst last siden inn på nytt og prøv igjen!
Maritim skipsservice
Maritim skipsservice
og
Dokking
Dokking
og
Elektro og automasjon
Elektro og automasjon
og
HVAC
HVAC
og
Løfte- og transportutstyr
Løfte- og transportutstyr
og
Basetjenester
Basetjenester
og
Marine operasjoner
Marine operasjoner
og